På havbotnen ligg ein skatt på 1000 milliardar kroner. Og det er ikkje olje.

Laks_oppdrett_Austevoll020 HEGE ØKLAND: Dagleg leiar, NCE Maritime CleanTech
ANNE KRISTINE ØEN: Dagleg leiar, Maritimt Forum Bergensregionen
TANJA HOEL: Dagleg leiar, NCE Seafood innovation Cluster
OWE HAGESÆTHER: Dagleg leiar, GCE Subsea

Måndag opnar statsminister Erna Solberg regjeringas havkonferanse i Bergen. Temaet er «den norske havklyngja» og mogelegheitene havet gir for meir verdiskaping i framtida.

Det er heilt naturleg at regjeringa arrangerer konferansen hos oss på Vestlandet. Her har vi i dag sterke næringsmiljø som er verdsleiande innan skipsfart, subsea-teknologi og havbruk. Saman skaper dei hovudarenaer for aktivitetane i den norske havklyngja.

OECD spår at havnæringane kjem til å utkonkurrere veksten i den globale økonomien. Dette kan sikre både verdiskaping og sysselsetjing i landet vårt – ikkje minst i eit vestlandsk næringsliv med nasjonal og internasjonal rekkevidde.

Kronikk: Fremtiden ligger i havbyen

Dersom utviklinga held fram som i dag, viser OECD sine anslag at den globale havøkonomien kjem til å doble bidraget til verdiskaping med over 3 billionar dollar frå 2010 til 2030. Det er over 24 billionar norske kroner. Altså meir enn 24.000.000.000.000 kroner!

Dette er ikkje berre eit Onkel Skrue-tal med mange nullar, det blir også underbygd av grundigare analysar av potensialet i havrommet. OECD ventar spesielt sterk vekst innan område som oppdrett, vindparkar til havs, fiskeforedling og skipsbygging. Og akkurat her viser OECD til mogelegheitene for eit omstillingsdyktig næringsliv på Vestlandet: Vi kan vidareutvikle og bruke teknologien frå vår verdsleiande offshoreindustri i andre og nye havnæringar.

Vi veit meir om månen enn om havet.

I dag veit vi meir om månen enn vi gjer om havet. 90 prosent av havet er uutforska. Berre i Noreg er havarealet seks gonger større enn landarealet. Vi veit lite, men vi veit at potensialet er enormt.

NTNU anslår at mineralreservar – som for eksempel gull, sølv, kopar, kobolt, sink og bly – berre på norsk sokkel kan utgjere verdiar på 1000 milliardar kroner. Og sjølv om havet dekkjer 70 prosent av kloden, er under fem prosent av maten vår dyrka der. Forskarar ved Sintef spår at sjømatnæringa åleine kan auke verdiane sine med over 550 milliardar kroner innan 2050.

 Kommunesammenslåingene: Slik kan det nye Vestlandet bli

I næringsklyngjene våre legg vi til rette for samarbeid mellom ulike næringsaktørar og forskingsmiljø. Målet er konkurransekraft og nyskaping for framtida: her samarbeider gründeren med representantar frå globale konsern, utviklarar med operatørar, private aktørar med offentlege aktørar.

For å lykkast med å ta ut det enorme potensialet i havøkonomien må vi kople kompetansen som finst i hovuda til ingeniøren og forskaren. Då snakkar vi berekraftige løysingar.

Ei slik løysing finst allereie på Sognefjorden, kor vi kan reise med batteriferja Ampere som går i rute mellom Lavik og Oppedal.

Vi har omstilt oss før. Gjennom generasjonar har vi bygd opp verdsleiande kompetanse på å bruke havets ressursar. Frå tørrfisken i hanseatisk tid til internasjonal sjøfart, offshore- og havbruksaktivitetar i nyare tid. Vår kompetanse og teknologi er sentralt for å kunne realisere det globale potensialet OECD viser til.

Men havet er djupt, heile 80 prosent er meir enn 3000 meter djupt. Då finst det aktørar som kan utføra kompliserte operasjonar på slike store djup, og dei kjem gjerne frå Vestlandet. Eit slikt subsea-eksempel er den bergensutvikla og prislønte multifase-kompresjonsteknologien som no sikrar industrien store ekstrainntekter gjennom høgare utvinningsgrad frå eksisterande felt på norsk sokkel.

Vi treng arenaene som koplar tradisjonelle bransjar med nye. Havnæringane må utnytte forenklande digitale løysingar og ta i bruk meir avansert produksjonsteknologi. Ny industri vil vekse fram i havrommet, innanfor og mellom dei eksisterande næringane. Vi kan byggje fleire nullutsleppsbåtar, fiske etter nye artar, ta i bruk tang og tare, produsere energi frå havvindane og vinne ut nye mineral. Vi kan skape både verdiar og arbeidsplassar.

Noreg ligg langt bak OECD-gjennomsnittet i satsinga på forsking og utvikling.

Men dette krev meir frå alle. Både frå industrien og frå det offentlege. For eksempel ligg Noreg langt bak OECD-gjennomsnittet i satsinga på forsking og utvikling. Noreg brukte 1,65 prosent av bruttonasjonalproduktet på FoU-aktivitetar i 2015, mot 2,36 prosent i OECD.

For å auke innovasjonsfarten må nye teknologiar testast ut raskare. Då må det etablerast fleire industrielle innovasjons- og testsenter. Det er kostnadskrevjande, og fordi bedriftene berre har behov for testing i avgrensa periodar er det få aktørar som kan etablere slike anlegg på eiga hand.

Store norske industribedrifter er samtidig avhengige av at underleverandørar og samarbeidspartnarar held seg i front teknologisk. Også desse burde ha tilgang til betre testinfrastruktur. Drift av slike testsenter treng offentleg støtte.

 Elisabeth Bru i Politijuristene forteller om et ekstremt arbeidspress. – De fleste av oss har gått syke i retten

Det finst ikkje eit eige program som kan investere i slik testinfrastruktur i Norge, men slike program finst mellom anna i Storbritannia og Sverige, land vi likar å samanlikne oss med. SIVA sitt forslag om eit slikt program i Noreg, «Norsk katapult», svarar på denne utfordringa. Dette programmet må sikrast finansiering og bli etablert raskt.

Politikarane skal ha ros for å sjå næringspotensialet i havrommet. Etter måndagens konferanse håpar vi det også viser igjen i kommande budsjettrunder. For at vi skal sikre den leiartrøya Noreg kan og bør ha når det gjeld berekraftig bruk av havet, treng vi ytterlegare satsingar:

Ei sterkare og industrinær satsing på dei blå kunnskapsmiljøa og på entreprenørskap i utdanningane.
Investering i kunnskapsbygging, slik at havnæringane kan utøvast meir berekraftig i både økologisk og etisk forstand.
Betre tilrettelegging for knoppskyting og nyetableringar i form av skatteinsentiv og meir tilgjengelege støtte- og finansieringsordningar.
Meir bruk av sjøen som samferdselsåre, og som utstillingsvindauge for norskutvikla miljøteknologi med globalt marknadspotensial.

Havnæringane bør vera i fokus om Noreg og resten av verda skal nå klimamåla frå Paris. Folketalet i verda aukar, og med det også energi- og matbehovet. Reine, maritime løysingar, subsea og akvakultur kan vere med å dekkje desse behova. Vi har ein unik sjanse her i vest: Vi kan omsette 24 billionar kroner globalt til arbeidsplassar lokalt.